Johannes' Openberring 10 N78NN

Engelen med den vesle boka

1 Eg såg ein annan, mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var kledd i ei sky og hadde regnbogen om hovudet; andletet var som sola og føtene som eldsøyler.

2 I handa hadde han ei lita, opna bok. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda

3 og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene.

4 Etter at dei hadde tala, ville eg til å skriva; men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje opp!»

5 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte den høgre handa mot himmelen

6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som finst der: «Tida er ute.

7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»

8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.»

9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.»

10 Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen.

11 Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål, og mot mange kongar.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22