1 Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført.
2 Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene
3 og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet:Store og underfulle ¬er dine gjerningar,Herre Gud, du Allmektige.Rettferdige og sanne ¬er dine vegar,du konge over alle folkeslag.
4 Kven skulle ikkje ottast deg, ¬Herre,og æra ditt namn?For einast du er heilag.Alle folkeslag skal komaog tilbe for ditt åsyn,fordi dine rettferdige domar ¬har vorte openberre.
5 Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna.
6 Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.
7 Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve.
8 Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.