11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.
12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.
13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.
14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.
15 Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:Vår Herre og hans salvevigdehar fått herredøme,og han skal vera konge i all æve.
16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud
17 og sa:Vi takkar deg, Herre Gud, ¬du Allmektige,du som er og som var,fordi du har teke di store maktog vorte konge.