6 Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet og bustaden hans, ja, alle som bur i himmelen.
7 Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over kvar ætt og kvart folk, kvart tungemål og kvart folkeslag.
8 Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som vart slakta.
9 Den som har øyro, han høyre dette!
10 Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.
11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.
12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt.