10 skal han drikka av Guds vreidevin, som er skjenkt ublanda i hans harmes skål; og han skal pinast med eld og svovel for augo på dei heilage englane og Lammet.
11 Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, dei som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet åt dyret til merke.»
12 Her gjeld det at dei heilage held ut, dei som held fast på Guds bod og trua på Jesus.
13 Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira fylgjer med dei.»
14 Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa.
15 Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.»
16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.