4 Det er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som møyar. Det er dei som fylgjer Lammet kvar det går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei fyrstegrøde for Gud og Lammet.
5 Det vart ikkje funne lygn i deira munn; dei er utan lyte.
6 Eg såg endå ein engel, som flaug høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og ætter, tungemål og folk.
7 Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmel og jord, hav og kjelder!»
8 Så fylgde ein annan engel etter, og han ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som med sitt horeliv har skjenkt vin til alle folkeslag, ein vreidevin.»
9 Ein tredje engel fylgde etter dei og ropa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa,
10 skal han drikka av Guds vreidevin, som er skjenkt ublanda i hans harmes skål; og han skal pinast med eld og svovel for augo på dei heilage englane og Lammet.