9 og menneska vart brende i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære.
10 Den femte engelen tømde si skål ut over kongsstolen åt dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pinsle.
11 Men pinslene og svullane deira gjorde at dei spotta Gud i himmelen, og dei vende ikkje om frå sine gjerningar.
12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland.
13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar.
14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. –
15 «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –