10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund.
11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte.
12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.
13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret.
14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål.
16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld.