9 Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei.
10 Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.
11 Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir.
12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.
13 Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.
14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden.
15 Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.