7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.
8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage.
9 Og dei song ein ny song:Verdig er du til å ta imot bokaog bryta segla på henne.For du vart slaktaog har med ditt blod frikjøpt ¬for Gudmenneske av alle ætter ¬og tungemål,av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei ¬til eit kongerike,til prestar for vår Gud,og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen.
12 Dei ropa med høg røyst:Verdig er Lammet ¬som vart slakta,verdig til å få all makt ¬og rikdom, visdom og styrke,ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:Han som sit på kongsstolen,han og Lammet ¬skal ha all takk og ære,pris og makt i all æve.