4 Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre; og det vart gjeve han eit stort sverd.
5 Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa.
6 Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»
7 Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!»
8 Då fekk eg sjå ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket fylgde han. Dei fekk makt over fjerdeparten av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest, og med hjelp frå villdyra på jorda.
9 Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene åt dei som var ihelslegne for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde.
10 Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og straffar dei som bur på jorda, fordi dei rende ut blodet vårt?»