9 Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene åt dei som var ihelslegne for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde.
10 Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og straffar dei som bur på jorda, fordi dei rende ut blodet vårt?»
11 Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til det var fullt, talet på medtenarane og brørne deira, dei som skulle verta ihelslegne liksom dei sjølve.
12 Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ein syrgjebunad, heile månen vart som blod,
13 og stjernene på himmelen fall ned på jorda liksom umogne frukter drys frå eit fikentre i storm.
14 Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytte frå sin stad.
15 Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar træl og kvar fri mann, alle gøymde seg i holer og mellom berghamrar.