3 Ein annan engel, som hadde eit røykjelsefat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd røykjelse, som han skulle leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor kongsstolen.
4 Og frå engelens hand steig det opp for Guds åsyn ei sky av røykjelse saman med bønene åt dei heilage.
5 Så tok engelen røykjelsefatet, fylte det med eld frå altaret og kasta han på jorda. Då kom det torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.
6 Dei sju englane med dei sju basunane budde seg no til å blåsa.
7 Den fyrste engelen bles i basun. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjeparten av jorda gjekk opp i logar, og tredjeparten av trea brann opp saman med alt det grøne graset.
8 Den andre engelen bles i basun. Då vart noko som likna eit stort, brennande fjell kasta i havet. Tredjeparten av havet vart til blod,
9 og tredjeparten av alle levande skapningar i havet døydde, og tredjeparten av skipa gjekk under.