8 Den andre engelen bles i basun. Då vart noko som likna eit stort, brennande fjell kasta i havet. Tredjeparten av havet vart til blod,
9 og tredjeparten av alle levande skapningar i havet døydde, og tredjeparten av skipa gjekk under.
10 Den tredje engelen bles i basun. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel; og ho fall på tredjeparten av elvane og på vasskjeldene.
11 Namnet på stjerna er Malurt, og tredjeparten av vatnet vart til malurt; og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.
12 Den fjerde engelen bles i basun. Då vart tredjeparten av sola og av månen og av stjernene råka, så tredjeparten av dei vart mørk; dagen miste tredjeparten av ljoset sitt, og natta like eins.
13 Då såg eg ei ørn, som flaug høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve, ve, ve over dei som bur på jorda, når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda.»