1 Dette er ættetavla åt Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son:
2 Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob vart far til Juda og brørne hans.
3 Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram,
4 Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Naksjon, Naksjon fekk Salma;
5 Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai,
6 og Isai var far til kong David.David fekk sonen Salomo med kona til Uria,