Matteus 22 N78NN

Bryllaupet for kongssonen

1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning:

2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.

3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje.

4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!

5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si.

6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel.

7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira.

8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.

9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn.

10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd.

12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde.

13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner!

14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Er det rett å svara skatt til keisaren?

15 Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord.

16 Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du er ærleg og at du i sanning lærer oss Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skil på folk.

17 Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

18 Men Jesus merka vondskapen deira og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve?

19 Vis meg mynten som skatten skal betalast med.» Dei gav han ein denar.

20 «Kven sitt bilete og namn er dette?» spurde han.

21 «Keisarens,» svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.»

22 Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk sin veg.

Oppstoda frå dei døde

23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.

25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren.

26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju.

27 Sist av alle døydde kvinna.

28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»

29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt.

30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen.

31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier:

32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.»

33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.

Dei to store boda

34 Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde målbunde saddukearane, kom dei saman.

35 Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde:

36 «Meister, kva bod er det største i lova?»

37 Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit.

38 Dette er det største og fyrste bodet.

39 Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv.

40 På desse to boda kviler heile lova og profetane.»

Kven Messias er

41 Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei:

42 «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David,» svara dei.

43 Jesus sa: «Korleis kan då David, driven av Anden, kalla han herre, når han seier:

44 Herren sa til min herre:Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendarunder dine føter.

45 Kallar no David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»

46 Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28