Matteus 21 N78NN

Jesus kjem til Jerusalem

Jesus rid inn i Jerusalem

1 Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg

2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg.

3 Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.»

4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:

5 Sei til Sions dotter:Sjå, kongen din kjem ¬til deg,audmjuk rid han på eit esel,folen til eit kløvdyr.

6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.

7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.

8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen.

9 Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:Hosianna, Davids son!Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn!Hosianna i det høgste!

10 Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?»

11 Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

Mitt hus skal kallast eit bønehus

12 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,

13 og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.»

14 På tempelplassen kom det blinde og vanføre til han, og han lækte dei.

15 Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge

16 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja,» svara Jesus. «Har de aldri lese:Du har late småborn ¬og spedbornsyngja din pris!»

17 Så gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania; der var han om natta.

Fikentreet som ikkje bar frukt

18 Om morgonen, medan Jesus var på veg inn til byen, vart han svolten.

19 Han fekk sjå eit fikentre attmed vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.

20 Læresveinane undra seg då dei såg det og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»

21 Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de trur og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Men om de seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, så skal det henda.

22 Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få, når de bed med tru.»

Jesu fullmakt

23 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen; og medan han lærte folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg fullmakt til det?»

24 Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

25 Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

26 Og svarar vi: Frå menneske, då må vi reddast folket; for alle held Johannes for ein profet.»

27 Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

Likninga om dei to sønene

28 Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!

29 Nei, eg vil ikkje, svara han. Men sidan angra han og gjekk.

30 Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. Ja, herre, svara han; men han gjekk ikkje.

31 Kven av dei to gjorde det faren ville?» «Den fyrste,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de.

32 For då Johannes kom til dykk på rettferds veg, trudde de han ikkje. Men tollarane og skjøkjene, dei trudde han. Men endå de såg det, angra de ikkje då heller, så de trudde på han.

Paktarane og arvingen

33 Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

34 Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga.

35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei.

36 Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei.

37 Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.

38 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.

39 Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.

40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?»

41 «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»

42 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:Den steinen bygningsmennene ¬vraka,har vorte hjørnestein.Det er Herrens eige verk,underfullt er det i våre augo.

43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.

44 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

45 Då overprestane og farisearane høyrde desse likningane, skjøna dei at det var dei han sikta til.

46 Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket som meinte at han var ein profet.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28