15 Eliud fekk Elasar, Elasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob,
16 og Jakob var far til Josef, mannen til Maria. Ho fødde Jesus, han som vert kalla Kristus.
17 Såleis er det i alt fjorten ættleder frå Abraham til David, fjorten ættleder frå David til Babylon-ferda, og fjorten ættleder frå Babylon-ferda fram til Kristus.
18 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var trulova med Josef; men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn, ved Den Heilage Ande.
19 Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skiljast frå henne så stilt han kunne.
20 Medan han no tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande.
21 Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»