11 Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verdig til å ta imot dykk; hjå han skal de vera til de fer lenger.
12 Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.
13 Er huset verdt det, skal freden kvila over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda attende til dykk.
14 Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.
15 Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer!
17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene.