19 Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.
20 For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk.
21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr.
22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
23 Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.
24 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin.
25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?