24 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin.
25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
26 Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent.
27 Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka.
28 Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete.
29 Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda.
30 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt.