28 Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete.
29 Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda.
30 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt.
31 Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.
32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.
33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.