6 Men gå til dei bortkomne sauene i Israels-folket.
7 Og kvar de kjem, skal de ropa ut: Himmelriket er nær!
8 Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine, og driv ut vonde ånder! For inkje har de fått det, for inkje skal de gje det.
9 Ta ikkje med dykk gull eller sølv eller kopar i beltet,
10 og heller ikkje ferdaskreppe, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidsmann er kosten sin verd.
11 Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verdig til å ta imot dykk; hjå han skal de vera til de fer lenger.
12 Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.