13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom.
14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma.
15 Den som har øyro, han høyre!
16 Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
17 Vi bles på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song syrgjesongar,men de ville ikkje klaga.
18 For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord.
19 Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»