15 Den som har øyro, han høyre!
16 Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
17 Vi bles på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song syrgjesongar,men de ville ikkje klaga.
18 For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord.
19 Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»
20 Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om:
21 «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.