22 Men det seier eg dykk: På domedag skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.
23 Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.
24 Men det seier eg dykk: På domedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.
26 Ja, Far, for dette var din gode vilje.
27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!