26 Då no kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til synes.
27 Tenarane gjekk til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?
28 Det har ein uven gjort, svara han. Vil du vi skal gå og riva det opp? spurde dei.
29 Nei, svara han, for då kjem de til å riva opp kveiten saman med ugraset.
30 Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.»
31 Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.
32 Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar; det vert til eit tre, og fuglane i lufta kjem og byggjer reir i greinene på det.»