44 Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren.
45 Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perler.
46 Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte henne.
47 Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag.
48 Når ho er full, dreg fiskarane henne opp på stranda. Så set dei seg ned og samlar den gode fisken i kjerald, men den ubrukelege kastar dei.
49 Såleis skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige
50 og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.