47 Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag.
48 Når ho er full, dreg fiskarane henne opp på stranda. Så set dei seg ned og samlar den gode fisken i kjerald, men den ubrukelege kastar dei.
49 Såleis skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige
50 og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.
51 Har de skjøna alt dette?» «Ja,» svara dei.
52 Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har gått himmelriksskulen, lik ein husbond som hentar fram nytt og gamalt av det han har teke vare på.»
53 Då Jesus hadde fortalt desse likningane, fór han derifrå