27 «Det er sant, Herre,» sa kvinna, «men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira.»
28 Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart god att i same stunda.
29 Jesus drog no lenger og kom til Galilea-sjøen; han gjekk opp i fjellet og sette seg der.
30 Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lame, vanføre, blinde og mållause og mange andre, og la dei ned for føtene hans. Jesus lækte dei,
31 og folket undra seg då dei fekk sjå at mållause tala, vanføre vart friske, lame gjekk og blinde fekk synet. Og dei lova Israels Gud.
32 Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. La dei fara svoltne heim vil eg ikkje, for då kunne dei verta reint utmødde på vegen.»
33 Læresveinane svara: «Kvar kan vi få brød frå her i øydemarka til å metta så mykje folk?»