16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»
17 Jesus tok til ords og sa: «Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.
18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.
19 Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»
20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.
21 Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle verta slegen i hel, og tredje dagen skulle han stå opp att.
22 Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»