1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.
2 Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset.
3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han.
4 Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»
5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!»
6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle.
7 Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»