21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?»
22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23 Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.
24 Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.
25 Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast.
26 Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman.
27 Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå.