24 Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.
25 Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast.
26 Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman.
27 Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå.
28 Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig!
29 Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det.
30 Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt.