3 og sa:Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.
4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.
7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.
9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.