15 og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.
16 Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida.
17 Då vart det oppfylt, det ordet som profeten Jeremia har tala:
18 Det høyrdest eit rop ¬i Rama,gråt og høg klage;Rakel gret over borna sineog ansa ikkje trøystarord.For borte er dei.
19 Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt
20 og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.»
21 Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.