1 Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin.
2 Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.
3 Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.
4 Han sa til dei: Gå bort i vingarden, de òg! Så skal de få det som rett er.
5 Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins.
6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?
7 Fordi ingen har leigt oss, svara dei. Då sa han: Gå bort i vingarden, de òg.