3 Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna.
4 Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.
5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store;
6 dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene,
7 og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.
8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken.
9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.