34 Difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogene og forfylgja frå by til by.
35 Såleis skal straffa koma over dykk for alt det skuldlause blodet som har runne på jorda, heilt frå drapet på den rettferdige Abel til drapet på Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom templet og altaret.
36 Sanneleg, det seier eg dykk: Over denne ætta skal det koma alt saman.
37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.
38 Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta.
39 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!»