12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste.
13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –
16 då må dei som er i Judea, røma til fjells;
17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;
18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.