25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt!
26 Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje.
27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.
28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.
30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.
31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.