32 Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra.
34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.
35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.
38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,