42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.
43 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset.
44 Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45 Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?
46 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!
47 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.
48 Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno.