11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!»
12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.»
13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte.
15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.
16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.
17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til.