2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke.
3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.
4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine.
5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!»
7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine.
8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.»