30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.
32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene,
33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd.
35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;
36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»