12 Då ho slo denne salven ut over lekamen min, salva ho meg til gravferda mi.
13 Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der dette evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, forteljast til minne om henne.»
14 Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane
15 og sa: «Kva vil de gje meg om eg hjelper dykk til å få tak i han?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han.
16 Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
17 Fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»
18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær; hjå deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.»