57 Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.
58 Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene, for han ville sjå korleis det kom til å enda.
59 Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden.
60 Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to
61 som sa: «Denne mannen har sagt: Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.»
62 Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?»
63 Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Ved den levande Gud – sei oss: Er du Messias, Guds Son?»