17 Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.
18 Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.
19 Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket.
20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
21 De har høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen.
22 Men eg seier dykk: Den som vert sint på ein annan, skal koma for domstolen, og den som seier til ein annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet, og den som seier: Din gudlause narr, er skuldig til helvetes eld.
23 Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at ein annan har noko å klaga deg for,