1 Akta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningane dykkar for augo på folk, så dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hjå Far dykkar i himmelen.
2 Når du gjev til dei fattige, så blås ikkje i basun om det, som hyklarane gjer i synagogene og på gatene, så folk skal rosa dei. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.
3 Men når du gjev ei gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer.
4 Gjev gåva di i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.
5 Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.
6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.
7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord.